Plutselig var det vår tur. Vår tur til å få eit skikkeleg flott vinterver. Vi har vel lett for å gløyme korleis veret har vore, men eg trur det er ei stund sidan vi har hatt slikt fint vinterver på våre kantar. Uansett er det fint når kvikksølvet kryp godt nedover på gradestokken og det knirkar under skoa når du går. Ikkje minst er fargane fine, dei flotte nyansane i den blå timen gjev flotte motiv om ein tek seg en tur ut på denne tida av døgnet.
Ved Hovdevatnet er der mange fine motiv både sommar og vinter, og denne dagen var verkeleg flott.
Test med ny signatur