Nok ein flott vinterdag med strålande sol og skyfri himmel. Ein smule kaldt på morgonkvisten, men etter at sola tok litt tak blei det nesten påskestemning i februar. I staden for å stoppe på Rjåneskamben, fortsette eg vidare oppover mot Kalvedalshornet, 649 m.o.h. Snøforholda var fine, og det var relativt lett å gå på truger oppover. Heilt på toppen hadde det danna seg ein del flaksnø, og dette må ein sjølvsagt ta på alvor. Dette var på relativt flate parti på toppen, men ein skal tydeligvis vere forsiktig sidan forholda endrar seg fort i fjellet.
Ein liten trekk i lufta gjorde det lite freistande å bli verande noko lengd, so eg skifta kjapt til tørre klede og fekk i meg litt mat før eg tok fatt på returen. Men først måtte turen dokumenterast med nokre bilder i fineveret….